Gangaren Brynjulv Olsson Navigasjonsmeny


Norske slåttar


Brynjylv OlssonJohan HalvorsenEdvard GriegfedriftstutTov FlatinhardingfeleverketNumedal




Gangaren Brynjulv Olsson eller Haugelåten, er rekna som ein av dei eldste slåttane frå Tinn. Slåtten er knytt til Brynjylv Olsson, ein av dei første spelemennene i området, og er spela i fleire nærskylde variantar. Slåtten vart skriven ned av Johan Halvorsen, og seinare arrangert av Edvard Grieg i hans Opus 72 (Haugelåt).



Slåttesegna |


Det er knytt ei kjend segn til denne slåtten. Brynjulv var i fjellet med fedrift ein gong, og medan han var der kom ein stut bort for han. Medan han leita etter stuten vart han trøytt og la seg til å sova eit bel. Brått vakna han av at einkvan tulla så vent, og under ein nut såg han ei stor ferm kvinne med fagert hår. Ho dansa og hoppa ikring og tralla ein slått:



So skå du spela, du Brynjulv Olsson

Når du kjem heimatt til kjering og bonn.

So skå du sulle, du Olsson på Tinn,

attafe nuten gjeng stuten din.


Attanfor nuten fann han og stuten sin, og då han kom heim, tok han fela og spela slåtten (Stevet attgjeve frå Tov Flatin).


Dette stevet finst i fleire variantar i Tinn og Tuddal og elles i Telemark. Slåtten lyt reknast til Huldreslåttane, som segna tilreknar dei underjordiske.



Variantgruppa |


Variantgruppa har nr 150 i hardingfeleverket (Band III). Fire variantar er registrert i Vinje og Rauland, to er frå Bø og Tuddal, og ein frå Numedal. Halvorsen si nedskrift av Haugelåten er ikkje teken med i lista.


  • a: Brynjulv Olsson, etter Halvor Paradis, Vinje [1]. Nedskrift Eivind Groven 1920 (G 683).

  • b: Brynjulv Olsson, etter Gregar Nordbø, Bø i Telemark [2]. Nedskrift Nordbø i Slåttar og folketonar frå Bø, Telemark. Groven reinskreiv slåtten for utgjeving i 1956 (G 1039).

  • c: Tarkjell Jonson, etter Olav R. Berge, Rauland [3]. Nedskrift Eivind Groven 1922 (G 593). Her er slåttenamnet forvanska i overleveringa.

  • d: Halling, etter Bjørn Lofthus, Vinje [4]. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 688). Denne varianten skil seg noko ut frå dei andre. Han slenger noko inn på Bordkøyraren (Hildalen).

  • e: Brynjulv Olsson, etter Einar Løndal, Tuddal [5]. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1063). Den lengste forma i gruppa, truleg bygd ut av Svein Løndal.

  • f: Brynjulv Olsson, etter Steingrim Haukjem, Veggli [6]. Nedskrift Truls Ørpen 1925 (Ø 103).

  • g: Halling, etter Øystein Hovdestad, Vinje [7]. Nedskrift Eivind Groven 1920 (G 384). Siste taket i slåtten minner noko om Prestegangaren



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...