Bispestav Bilde | Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny«Abbess»«Bispelue»«Crosier»


Religiøst utstyrKristne symbolKristen kunst


hyrdestavbiskoparhyrdegjerningeninvestituretden katolske kyrkjaden anglikanskeden svenske kyrkjaabbedarabbedisserPavenaustleg kristendomtaukrosssymbol forhelgenarmerkedagarheilage Nikolasheilage Ansgarheilage Svithunheilage Scholasticaheilage KolumbaprimstavenblåsmessenilsmessesyftesokMaria som får bodskapen






Mellomaldersk bispestav i emalje frå Limoge.


Bispestav (krumstav, baculus pastoralis) er ein stav med ei krumming øvst som ein hyrdestav.
Han er eit vyrdnadsteikn for biskopar og eit symbol på hyrdegjerningen til biskopane. Bispestavar kan ha enkel utforming som minnar om ein vanleg hyrdestav, men mange er meir kunstnarleg utført med skulptur og utsmykkingar.
Bispestaven er viktig ved investituret (innsetjinga) av ein biskop og når biskopar utfører visse høgtidelege roller.




Fransk bispestav skore ut i kvarts frå 1200-talet. Kvartsen kan ha vore eit symbol på reinleiken til ei abbeddisse.


Bispestav blir brukt i den katolske kyrkja og visse evangeliske kyrkjer som den anglikanske og den svenske kyrkja. Også abbedar og abbedisser kan bruka bispestav som symbol for si leiande rolle i høve til ein flokk. Paven bruker i dag ikkje bispestav, men ein krosstav.


Bispestavar med noko ulik utforming blir også brukt i austleg kristendom. Den eldste utforminga er som ein tau-kross med krossarmane bøygde nedover og ein liten kross øvst. Den andre forma er danna av to stiliserte slangar eller drakar med bakoverbøygde hovud og ein liten kross imellom dei.


Staven kan også vera symbol for visse helgenar og merkedagar. Helgenar som var biskopar eller på anna vis «hyrdingar» blir til dømes ofte vist med bispestav, som heilage Nikolas, heilage Ansgar, heilage Svithun, heilage Scholastica og heilage Kolumba. På primstaven har han vore brukt til å visa blåsmesse, nilsmesse og syftesok.



Bilde |




Kjelder |





  • «Abbess». I Catholic Encyclopedia. Henta 5. juni 2015.


  • «Bispelue» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. juni 2015.


  • «Crosier». I Catholic Encyclopedia. Henta 5. juni 2015.




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bispestav








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...