Wollweber-gruppa Innhaldsliste Wollweber-gruppa | Osvald-gruppa | Aksjonar | Kjelder | Bakgrunnsstoff...


Andre verdskrigen


kommunistisksabotasjeorganisasjonfascistiskSkandinaviatyskarensovjetiskeOsloBergenNarviktysk-sovjetiske ikkje-angrepspakta1940SverigeGestapoAsbjørn SundeKielførste19311935KominternsfascismenOslo.KirunadynamittNarvikLuleå1937GestapoRotterdamikkeangrepspakt1939MoskvaNoregs Kommunistiske Parti.22. juni1941StockholmMilorgHjemmefronten1942Peder Furubotn.HallingdalHemsedal1944MoskvaErik Gjems-OnstadLars BorgersrudsvinterkrigenFinland30. november1939.12. mars1940Tysklands angrep på Sovjetunionen22. juni1944Moskva




Wollweber-gruppa var ein kommunistisk sabotasjeorganisasjon som skulle sabotera fascistisk og polsk skipsfart i Skandinavia og Nord-Europa. Organisasjonen vart grunnlagd og leia av tyskaren Ernst Wollweber, og styrt av den sovjetiske tryggleikstenesta – NKVD. Offisielt var namnet Organisasjonen mot fascismen og til forsvar for Sovjetunionen.


Organisasjonen bygde opp sabotasjegrupper i fleire nordeuropeiske hamnebyar. Medlemmane var først og fremst kommunistiske sjøfolk og hamnearbeidarar. I Noreg hadde den grupper i Oslo, Bergen og Narvik, desse gruppene utførte 23 kjende sabotasjeaksjonar mot tyske skip i 1937–38. Under det tysk-sovjetiske ikkje-angrepspakta i perioden 1939-41 utførte organisasjonen aksjonar bak dei finske linjene.


Wollweber-gruppene vart rivne opp i dei fleste land i 1940, Ernst Wollweber måtte rømma til Sverige, og vart arrestert der. Martin Rasmussen Hjelmen vart arrestert i Sverige, utlevert til Gestapo i Noreg, og seinare avretta i Tyskland i 1944. I Oslo heldt organisasjonen fram under leiing av sjømannen Asbjørn Sunde, og under hans dekknamn «Osvald» vart organisasjonen den dominerande sabotasjeorganisasjonen i Noreg i perioden 1941—44, med 39 utførte sabotasjehandlingar mot den tyske okkupasjonen.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Wollweber-gruppa


  • 2 Osvald-gruppa


  • 3 Aksjonar


    • 3.1 Skipsaksjonar


    • 3.2 Finland


    • 3.3 Noreg




  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Wollweber-gruppa |


Fritz Karl «Ernst» Wollweber var ein framståande tysk kommunist. Han var ein av leiarane i sjømannsopprøret i Kiel som førte til slutten av den første verdskrigen. Etter krigen steig han i det kommunistiske hierarkiet og vart i 1931 leiar av den tyske avdelinga av det kommunistkontrollerte internasjonale sjømannsforbundet – ISH.


I 1935 var det klårt kva som var i ferd med å skje i Tyskland. Likevel såg dei europeiske landa på kommunistane som ein større fare enn nazistane, og førte ein ettergevnadspolitikk mot Tyskland, medan Sovjetunionen vart isolert. På Kominterns 7. kongress vart arbeidd gjennom fagopposisjonen (kommunistiske fagforeiningar) oppgjeve, og eit meir aktivt arbeid mot fascismen gjennom folkefront-politikken vart lansert.


I november 1935 vart Wollweber kalla inn til Moskva og fekk i oppgåve å danna ein «kamporganisasjon» mot Tyskland. Den viktigaste oppgåva skulle vera å hemma skipsfarten til fascistane, gjennom sabotasjeaksjonar. Hovudkvarteret til organisasjonen vart lagt til Oslo. Her treffer Wollweber sjømannen Martin Hjelmen, som får ansvaret for det «nord-atlantiske området».


Eit av dei første praktiske problema organisasjonen møtte var konstruksjon av bombar og innkjøp av sprengstoff. Detta vart løyst ved at kontaktar ved den store malmgruven i Kiruna stal dynamitt frå anlegget, og sende den med malmbanen til Narvik eller Luleå, og vidare med skip til ulike nordeuropeiske hamner. Der tok operasjonsgruppene seg av sprengstoffet, og plasserte det ut i tyske og tysk-allierte båtar. I Kiruna fanst det òg ein teknisk begavet kontakt som konstruerte effektive bombar og minar til organisasjonen.


Den første kjende vellukka sabotasjeaksjonen skjedde i september 1937, og fram til årsskiftet 1938/39 utførte organisasjonen over 30 aksjonar. I samarbeid med Gestapo hadde europeisk politi klart å rulla opp gruppene i København, Antwerpen og Rotterdam, men organisasjonen var intakt. Likevel stoppar sabotasjeaktiviteten opp. Ein av grunnene til stoppen kan ha vore at organisasjonen trong tid til å utvikla meir effektive miner. I november 1938 starta utrenskningene i NKVD, og dei fleste av Wollwebers kontaktar vart «fjerna». Seinare vart organisasjonen sett under sterkt press frå politiet, og Sovjet starta ein omlegging av sin politikk mot Tyskland som resulterte i ein ikkeangrepspakt mellom landa i august 1939.


Martin Hjelmen vart arrestert i Sverige i februar 1940. Etter den tyske invasjonen i Noreg rømde Wollweber til Sverige, der han vart arrestert, og organisasjonen vart i praksis oppløyst i dei fleste land. Unntaket var Noreg, der Asbjørn Sunde heldt fram det som skulle verta den meste aktive sabotasjeorganisasjonen på norsk jord.



Osvald-gruppa |


I Oslo sat Asbjørn Sunde med ein intakt organisasjon, men utan sentrale personar i leiinga og utan kontakt med Moskva eller økonomiske midlar. Det var i den første fasen til krigen ikkje aktuelt å samarbeida med Noregs Kommunistiske Parti. NKP var prega av at okkupasjonsmakta hadde ei ikkjeangrepspakt med Sovjet, og gjorde det første krigsåret lite eller inkje ting for å reisa kamp mot okkupantane. NKPs illusjonar om høva under tyskarane vart broten 16. august 1940 då Gestapo slo til mot partiet, arresterte leiarane og beslagla papir, blant anna til medlems- og abonnentarkiv, slik at tyskarane fekk eit godt oversyn over partiorganisasjonen. Aksjonen mot kommunistpartiet hadde liten innverknad på Wollweber-gruppa eller Osvald-gruppa som den seinare skulle kallast, etter eit av Sundes dekknamn, «Osvald».


Like etter Tysklands angrep på Sovjet – 22. juni 1941 – drog kurerar frå den sovjetiske legasjonen i Stockholm til Oslo med ordre om å starta motstandskampen. Her traff dei representantane for kommunistpartiet som meinte at tida ikkje var inne for motstand. Kurerane drog attende med uforretta sak.


I mellomtida hadde Sunde halde organisasjonen ved like og gjort klar lager med sprengstoff rundt om i landet. 20. juli 1941 fortok dei den første jarnbanesabotasjen, og det var starten på ein serie av aksjonar. Gruppa si «aktive motstandslinje» stod då i opposisjon til NKPs linje, til Milorg og andre deler av Hjemmefronten som ynskte ein meir passiv motstand. Men gruppa var ikkje utan støtte. London-regjeringa gav økonomiske bidrag via «vestkant-organisasjonen» 2A, og gruppa utførte ein del oppdrag for Milorg og Politigruppa, m.a. likvidasjonar, og Osvald-gruppa hadde eit nært samarbeide med politigruppe 2AP som gav verdifull informasjon om planane til tyskarane, agentar osb.


Vinteren 1942 starta NKP oppbygging av militære grupper, den såkalte «Nasjonalgarden». Samstundes hadde Sunde møte med leiaren til kommunistpartiet Peder Furubotn. Arbeidet med Nasjonalgarden mislukkast, og den vert innlemma i Milorg-systemet. Kontakten mellom Furubotn og Sunde held likevel fram. Sunde etablerte eit opplæringssenter for sabotørar i Rukkedalen og rekrutterer eit nettverk av sabotørar i området Torpo-Gol og Rukke-Nesbyen, ned Hallingdal og derfrå til Oslo og Bergen. I september 1942 avtalte Sunde at han skulle halda vaktmannskap til sentralforlegningen til kommunistpartiet i Hemsedal mot å få praktisk og finansiell støtte. Sunde vart NKPs militære leier, og med partiet i ryggen vart organisasjonen meir slagkraftig.


I slutten av oktober 1942 angreip Gestapo NKP-forlegningen i Hemsedal, men Sunde hadde fått varsel frå Politigruppa og partileiinga klarte å flykta, men etterlét seg endel papir.


Fram til Osvald-gruppa vart nedlagd i 1944, etter ordre frå Moskva, hadde den utført 39 kjende aksjonar i Noreg.[2]Erik Gjems-Onstad meinte gruppa under Sundes leiing gjennomførte 200 sabotasjeaksjonar.[3]



Aksjonar |


Oversyn over endel kjende aksjonar gjennomført av Wollweber- og Osvald-gruppa. Lista er ikkje komplett, og ulike kjelder kan vera usamde om detaljar som datoar og lignande. Kjelde for dette oversynet er Lars Borgersruds bok Naudsynt innsats – sabotørane som skapte den aktive motstanden og Arnfinn Molands bok Hjemmefrontens likvidasjonar under den tyske okkupasjonen av Noreg 1940-1945.



Skipsaksjonar |








































































?? september 1937
Første aksjon føregjekk i Antwerpen, uidentifisert skip
?? september 1937
Brannbombe i det italienske skipa Alfredo Orani, plassert i Antwerpen eller Rotterdam, ukjent resultat
18 november 1937
Italiensk skip Boccaccio senka i Den engelske kanalen
29 januar 1938
Brannbombe i det polske skipa Batory, oppdaga
?? mars 1938
Tysk skip Saar sprengt, skadar
02 mars 1938
Japansk skip Tajima-maru sprengt i Bremen, skadar
19 mars 1938
Tysk skip Claus Böge senka i Nordsjøen vest for Esbjerg
09 april 1938
Brannbombe i det polske skipa Batory, funnet etter avgang frå København
13 mai 1938
Brannbombe i det tyske skipa Nordeney, funnet i Hamburg
22 mai 1938
Sprengning av dei spanske skipa Cierzo og Abrego i Fredrikshavn, skadar
23 juni 1938
Brannstiftelse mot tysk skip Hestia i Passarges i Spania
27 juni 1938
Sprengning av det tyske skipa Feronia i Kielkanalen, skader
30 juni 1938
Italiensk skip Aventino senka i Middelhavet mellom Tripolis og Tunis
30 juni 1938
Sprengladning funne i det italienske skipa Felce i Taranto
24 juli 1938
Japansk skip Kasii-maru sprengt i Den engelske kanalen, totalskade
07 august 1938
Brannstiftelse mot tysk skip Reliance på hamna i Hamburg, totalforlis
22 september 1938
Sprengning av det tyske skipa Phila i Königsberg, skader
Sprengning av det tyske skipa Deutschland ved Newfoundland


Finland |


Sovjet startar vinterkrigen ved angrep på Finland 30. november 1939. «Wollweber-gruppa» får i oppdrag å utføra sabotasjeoppdrag bak dei finske linjene. Aksjonane vert avblåst etter fredsslutningen 12. mars 1940.











01 mars 1940
Jarnbanesabotasje mot linja Torneå-Kemi, ukjent resultat.
15 mars 1940
Jarnbanesabotasje mot linja i Vasaområdet, ukjent resultat.


Noreg |


Aksjonane i Noreg starta etter Tysklands angrep på Sovjetunionen 22. juni 1941 og haldne fram inntil «Osvald-gruppa» vart demoblisert hausten 1944, etter ordre frå Moskva.































































































































































































































































































10 april 1940
Panikkdagen i Oslo vert utløyst av Wollwebers Oslo-gruppe
20 juli 1941
Jarnbanesabotasje ved Nyland stasjon i Oslo. Skadar på skinnegangen.
29 juli 1941
Jarnbanesabotasje mot Kværner bru, Lodalen i Oslo. Oppdaga.
19 august 1941
Sprengningsforsøk mot Löwenbraü, tysk bordell/restaurant i Oslo. Oppdaga
24 september 1941
Jarnbanesabotasje ved Frogner, Leirsund. Oppdaga.
28 september 1941
Jarnbanesabotasje ved Blaker, Rånåfoss. Oppdaga.
?? desember 1941
Brannbombe mot bensinstasjonen ved Østbanestasjonen (Oslo-ø). Ukjent resultat.
2 februar 1942
Sprengning av jernbanestasjonane Oslo-vest og Oslo-øst som protest mot at Quisling vert utnemnd som ministerpresident
21 februar 1942
Likvidasjonsforsøk mot torturisten Einar Dønnum. Mislukka.
25 februar 1942
Sprengningsforsøk mot oljelager på Vippetangen i Oslo. Mislukka
19 mars 1942
To tyske patruljebåtar sprengt i Oslo hamn. Senka.
26 mars 1942
Likvidasjon av mistenkt angiver Kolbjørn Braathen på Årnes på oppdrag frå Milorg.[4] Likvidasjonen vart utført av Reidar Kristoffersen.[5]
31 mars 1942
Brannbombe mot Norma Prosjektilfabrik Oslo. Mislukka.
1 april 1942
Sprengning av Condor (fly), tysk bomba/værvarslingsfly på Værnes, Stjørdal
13 april 1942
Sprengning av ammunisjonslager på Oslo hamn. Resultat vart skadar på anlegget.
?? juli 1942
Brannbomber mot bensinstasjonar på Skøyen og Oslo Aust. Resultat ukjent.
15 juli 1942
Brannbombe mot N. Jacobsens Elektriske Verkstad i Gøteborggata, Oslo. Skadar.
22 juli 1942
Aksjon mot Oslo Kretsfengsel, løslatelse av dei to fangane Jens Ropstad og Rolf Henry Karlson, oppdrag frå Politigruppa (2AP).
5 august 1942
Brannbomber mot Henni Snikkarverkstad og Lunner Trevare i Lunnar. Nedbrent
20 august 1942
Likvidasjonsforsøk mot stapolege Hans Eng etter oppdrag frå Milorg og Politigruppa. Mislukka.
21 august 1942
Sprengning av Kontoret til statspolitiet for Oslo og Aker. Torturisten Ivar Tofteberg omkom.
23 september 1942
Brannbombe mot Grua Sag på Grua. Nedbrent.
31 mars 1943
Likvidasjon av dei to mistenkte angivere Finn Roald «Monsen» Andersen og Charles Anderson i Løvenskioldsgate 17 i Oslo. Oppdrag frå Milorg.
20 april 1943
Angrip arbeidskontoret i i Pilestredet i Oslo og set det i brann. Milorg mislukkast i Heimdalsgaten.
6 juni 1943
Likvidasjon av oberleutnant Karl Wermann på Raufoss.
18 august 1943
Samordna sprengningsaksjon mot seks punkt på jernbanenettet på Austlandet.
18 august 1943
Brannbombe mot Kussius metallvarefabrikk på Bryn i Oslo. Mislukka.
7 september 1943
Jarnbanesabotasje mot Kværner bru. Resulterer i at tog sporar av og store skadar.
20 september 1943
Brannbombe mot Politiindentaturen i Sofiesgate i Oslo. Oppdrag frå Milorg og XU. Mislukka.
27 september 1943
Brannbombe mot Øvre Eiker Forsyningskontor. Skadar, delvis mislukka
27 september 1943
Brannbombe mot Lo Bruk, Øvre Eiker og Vikstrand Bruk, Nedre Eiker. Nedbrent
7 oktober 1943
Likvidasjonsforsøk mot Henry Rinnan i Trondheim på oppdrag frå SOE. Mislukka grunna angiveri.
7 oktober 1943

Tysk troppetog sprengt av skinnegangen ved Mjøndalen. NKP stoppar sprengningen av Vallø oljeraffineri ved Tønsberg etter anmodning frå Milorg
12 oktober 1943
Sprengningsaksjon mot kraftnettet rundt Oslo, ved blant anna Liertoppen, Bryn og Norderhov. Ukjent resultat
24 november 1943
Jarnbanesabotasje ved Heldal utanfor Bergen. Oppdaga
26 november 1943
Samordna jarnbanesabotasje på linjene rundt Oslo, Gamlebyen, Strand, Sandvika, Bekkelaget, Nordstrand, Lysaker og Skarpsno
20 januar 1944

Dynamittyveri og sprengning av sprengstofflager ved Haukås i Bergen
25 februar 1944
Jarnbanesabotasje mot Sangelia bruovergang i Ål, skadar på brukonstruksjon og skinnegang
11 mars 1944
Sprengning av NSB sit verkstad på Sundland i Drammen. Vellukka
15 mars 1944
Bankaksjon mot Aker Sparebank, Holtet i Oslo. Resultat kr 12 000
27 mars 1944
Forsøk på kidnapping av angiveren Oskar Strømstad på Gjøvik. Mislukka
1 april 1944

Tjuveri av 600 kilo tobakk frå Langaards Tobakksfabrikk, Thereses gate 31 B, Oslo. Oppdrag frå Milorg
4 april 1944
Forsøk på tjuveri av rasjoneringskort frå Akar forsyningsnemnd på Bryn, mislukka
5 april 1944
Gjentek rasjoneringskortaksjonen, vellukka denne gongen
5 april 1944

Skuddveksling med politiet ved Møllergata 19, Rolf «Sancho» Andersen vart arrestert
10 april 1944
Mislykker forsøk på å frigjera Rolf Andersen frå Ullevål sjukehus
11 april 1944
Nytt forsøk på å frigjera Rolv Andersen, vellukka denne gongen
17 april 1944
Bankaksjon mot Modum Sparebank, resultat kr 157 000. Sprengning av Geithus jernbanebro, totalskade
27 april 1944
Jarnbanesabotasje mot Haverstingtunellen, skadar på skinnegangen
1 mai 1944
Likvidasjon av Günter "Gunnar Borgen" Scheskat utanfor Sollia, Eina
?? mai 1944
Tjuveri av rasjoneringskort frå Finsand forsyningskontor i Ådal. Vellukka
5 mai 1944
Forsøk på beslaglegging av arkiva til arbeidstenesta på Ringerikes meieri, mislukka
5 mai 1944
Likvidasjon av stapomann Karsten Tank Lorange, Gjøvik
6 mai 1944
Innbrott og beslag av arkiv på lensmannskontoret i Lunnar
8 mai 1944
Jarnbanesabotasje mot Bjerke bru, Ask på Ringerike. Totalskade
15 mai 1944

Likvidasjonsforsøk mot lensmann Arnold Kjærvik på Lunner, mislukka
16 mai 1944
Øydelegging av arkivet til Arbeidskontoret i Tønsberg
22 mai 1944
Øydelegging av arkivet til Arbeidstenesta i Drammen
25 mai 1944
Brannstiftelse mot Møllefoss Bruk, Hen Dampsag, Rud Sag på Ringerike. Disse sagene leverte trelast til Wehrmacht og Luftwaffes flyplass på Eggemoen
30 mai 1944
Sprengning av ASEA Per Kura i Oslo, totalskade
06 juni 1944
Samordna jarnbanesabotasje på Ringerike, med sprengning av jernbanebruene på Tyristrand, Hval og Hensfoss, delvis vellukka
29 juli 1944
Bankaksjon mot Oslo Filialen til sparebank på Damplass, mislukka
29 juli 1944
Bankaksjon mot Drammen Sparebank, mislukka
10 august 1944
Bankaksjon mot Eiker Sparebank, mislukka
07 september 1944
Bankaksjon mot Holla Sparebank, utbytte kr 191 000
18 september 1944
Skuddveksling ved Ask stasjon
?? september 1944
Likvidasjon av ein gruppemedlem med psykiske problem i Drammensmarka.[6]
25 oktober 1944
Likvidering av angiveren Walter Pedersen i Bergen, oppdrag frå Saborg og SOE
09 november 1944
Bankaksjon mot Bergen Filialen til bank i Laksevåg, vellukka. Oppdrag frå Saborg og SOE
25 november 1944
Skuddveksling med tyskarar i Hyggen-marka
27 november 1944
Skuddveksling med tyskarar i Heggedal


Kjelder |


  • Borgersrud, Lars (1991) Naudsynt innsats – sabotørane som skapte den aktive motstanden, Universitetsforlaget, ISBN 82-00-22529-1


  • Denne artikkelen bygger på «Wollweber-gruppen» frå Wikipedia på bokmål, den 2. februar 2017.


Referansar



  1. Asbjørn Sunde: Menn i mørket. Dreyer Forlag. Oslo (1947) Side 245-248.


  2. Sunde 1947, side 245.


  3. Krigskrossen og Osvald-gruppa


  4. Hjemmefrontens likvidasjonar under den tyske okkupasjonen av Noreg 1940-1945.


  5. Lars Borgersrud


  6. Hjemmefrontens likvidasjonar under den tyske okkupasjonen av Noreg 1940-1945.



Bakgrunnsstoff |


  • Borgersrud, Lars (2001) Fiendebilete Wollweber - Svart propaganda i kald krig, Forlaget Oktober, ISBN 82-495-0050-4



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...