Deir Atiyah Innhaldsliste Jordbruk | Kultur | Historie | Hovudattraksjonar | Kjelder |...


Byar med 10 000 til 25 000 innbyggjararByar i SyriaBusetnader i An-Nabk-distriktet


arabiskSyriaQalamounfjellaAnti-LibanonfjellaDamaskusHomskristneørkenområdePersiabuktaAsiadrueraprikoskirsebærfikenUniversitetet i Kalamoondrikken matearabisk




Koordinatar: 34°05′N 36°46′E






































Deir Atiah

ديرعطية
by
Land

Flag of Syria.svg Syria

Guvernement

Rif Dimashq guvernement

Distrikt

An-Nabk-distriktet

Nahiyah

Deir Atiyah

Høgd
1 250 moh.
Koordinatar

34°05′N 36°46′E

Folketal
10 984 (2004)





Syria location map3.svg

Locator Red.svg




Deir Atiah eller Dayr Atiyah (arabisk ديرعطية) er ein by i Syria, som ligg mellom Qalamounfjella og Anti-Libanonfjella, 88 km nord for hovudstaden Damaskus og langs vegen til byen Homs. Dair Atiah hadde i 2004 10 984 innbyggjarar.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg kristne.[2]


Dair Atiah har eit moderat klima om sommaren og kalde vintrar, sidan Dair Atiah ligg 1250 meter over havet.


Nærleiken til ørkenområde, der den normale årsnedbøren ikkje overstig 125 mm, gjer at miljøet, inkludert dårleg jordsmonn, ikkje gjev gode nok tilhøve til å økonomisk oppretthalde den lokale folkesetnaden, som anten reiser eller har emigrert.[treng kjelde] Mange innbyggjarar flytta til Amerika tidleg på 1900-talet og til landa kring Persiabukta etter det oppstod høve for arbeid der, i tillegg til det austlege Asia.




Innhaldsliste






  • 1 Jordbruk


  • 2 Kultur


  • 3 Historie


  • 4 Hovudattraksjonar


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Jordbruk |


Bøndene dyrkar druer, aprikos, kirsebær, fiken og anna frukt.


Dair Atiah nyttar grunnvatnet som ligg i dalen.


Dair Atiah har fleire vindmøller, som vert nytta til å pumpe opp vatn frå djupe brunnar. Opphavet til møllene er ikkje kjend, men har vore i bruk i meir enn hundre år. [3][4]



Kultur |


Dair Atiah har eit museum, eit sportssenter og eit kultursenter.


I 2003 vart det første private universitetet i Syria, Universitetet i Kalamoon, opna i Dair Atiyah.


Folket i Dair Atiah drikk ein varm drikk kalla drikken mate, som syriske utlendingar førte inn frå Sør-Amerika. Invitasjonen «Kom og drikk mate» er typisk for gjestfridomen i regionen. Invitasjonen omfattar ikkje berre ein invitasjon til å drikke, men òg til eit måltid.



Historie |


Historikarar har identifisert namnet på byen med den romerske kommandøren Theodorus Paulus som har eit namn som tyder «Givande Gud» (arabisk عطاء الله). Dette namnet har blitt assosiert i tankane til etterfølgjande generasjonar i Dair Atiah i meir enn tusen år.[treng kjelde]


Fleire gamle romerske kanalar finst i Yabrud,[5] nær Dair Atiah.



Hovudattraksjonar |



  • Museet i Dair Atiah er eit av dei største og rikaste i forstadane til Damaskus, Reif Dimashq. Det inneheld kulturarv frå regionen.

  • Det kanoniske museet i Dair Atiah

  • Kulturpalasset i Dair Atiah

  • Landsbyen for særskilde behov

  • Hammam el-Souk el-Tahtanye



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Deir Atiyah» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. http://www.cbssyr.org/General%20census/census%202004/pop-man.pdf


  2. Suicide blasts stem Assad drive near Lebanon border. The Daily Star. 2013-11-21.


  3. «Save The Environment: let's build more Air Wheels». DairAtiah Blog. 2006-12-19. Henta 2008-07-30. 


  4. «DairAtiah.com» (på arabisk). Henta 23. juni 2014. 


  5. «YabroudOnline.com» (på arabisk). Henta 23. juni 2014. 







Bakgrunnsstoff |




  • Dara3ta.com (arabisk)


  • DairAtiah.net (arabisk)


  • DairAtiah.com (arabisk)




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...