Ada Polak NavigasjonsmenyWorldCatBIBSYSNorsk biografisk leksikonVIAFLCCNISNIBNFBNF (data)SUDOC


EinskildkvinnerFødde i 1914Døde i 2010Norske kunsthistorikararNorske sakprosaforfattararStatsstipendiatarSt. Olavs OrdenFolk frå Oslo


25. oktober2010London19. september191425. oktober2010kunsthistorikarAkerKunstindustrimuseetkonservatorVestlandske kunstindustrimuseum19421948Londonfrilans1953doktorgradenglasssølvantikvitetarNAVFs1981statsstipendiatSt. Olavs OrdenCamilla CollettEllisiv SteenSverre Steen




















Ada Polak

Fødd
19. september 1914
Ljan
Død

25. oktober 2010
London


Yrke
kunsthistorikar

Ada Buch Polak (19. september 1914–25. oktober 2010) var ein norsk kunsthistorikar og fagbokforfattar.


Ho vart fødd som Ada Buch og voks opp i ein borgarleg heim i Aker. Ho tok artium i 1933 og vart magister i kunsthistorie i 1940. Avhandlinga Norsk glass 1739-1753 sprang ut frå arbeida hennar med ei utstilling på Kunstindustrimuseet i 1939. Ho var konservator ved Vestlandske kunstindustrimuseum frå 1942 til 1948, då ho gifta seg i London med advokat Alfred L. Polak og busette seg i England. Ho døydde i London og vart bisett i Golder's Green Crematorium i London 4. november 2010.


Frå 1948 arbeidde ho frilans i samarbeid med norske kunsthistoriske fagmiljø, og ho vart eit viktig kontaktledd mellom norske og britiske museum. I 1953 tok ho doktorgraden på avhandlinga Gammelt norsk glass, basert på grundige arkivstudium av norsk glashistorie i den førindustrielle epoke. Seinare har ho utgjeve fleire bøker om glass, sølv, antikvitetar og foretakshistorie. Ho redigerte òg ei spørjespalte om antikvitetar i vekebladet Kvinner og Klær 1964-95, og bidrog dessutan til bind 3 og 4 av Norges kunsthistorie (1981-82).


Ada Polaks faglitterære forfattarskap var både prega av evna hennar til å popularisere emna sine og vitskapleg nybrottsarbeid. For dette mottok ho i 1980 NAVFs pris for populærevitskapleg forsking. I 1981 vart ho statsstipendiat, og same året vart ho utnemnd til Riddar av St. Olavs Orden.


Ada Polak er oldeborn av Camilla Collett, syster av Ellisiv Steen, og med det òg svigerinne av Sverre Steen.



Litteraturliste |




  • Gamle glass fra Hurdal og Gjøvik. 1992.


  • Gammelt norsk glass. 1983.


  • Gammelt Porsgrundporselen.1980.


  • The Decorative Art of Scandinavia 1530-1830. 1977.


  • Antikvitetsboken. 1975.


  • Glass, its Makers and its Public. 1975.


  • Glass, its Tradition and its Makers. 1975.


  • Glassboken. 1974.


  • Gamle vinglass. 1974.


  • Sonja Hennie 1912-1969. 1974.


  • Norwegian Silver. 1972.


  • Gullsmedkunsten i Norge: før og nå. 1970.


  • Speil: en glasshistorisk undersøkelse. 1969.


  • Wolffs & Dorville: et norsk-engelsk handelshus i London under Napoleonskrigene; en kulturhistorisk skildring. 1968.


  • Antikvitetsboken. 1965.


  • Modern Glass. 1962.


  • Two Nøstetangen goblets: Recently Discovered in England. 1960


  • Norwegian Silver. 1960.


  • Fra et par gamle engelske forretningsarkiv. 1960.


  • Engelske ur og klokker i Norge. 1960.


  • Glassboken. 1958


  • Kunsthistorien, universitetet og museene. 1958.


  • Gammelt norsk glass. [Dr.-avhandling.] 1953.


  • ”Drikk og syng med vivatskraal”. 1944.



  • Denne artikkelen bygger på «Ada Polak» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2010.





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...